Frekhaug Indremisjon (FIM) er ei sjølvstendig foreining tilslutta Indremisjonsforbundet gjennom Nordhordland Indremisjon. Føremålet er å fremje Guds rike ved å vekke og styrke sant kristenliv og halde oppe eit livskraftig forsamlings- og misjonsarbeid.
FIM byggjer arbeidet sitt på Bibelen – Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjenninga. På dette grunnlaget driv foreininga arbeidet sitt, kallar frivillige og tilset arbeidarar.
Vi har valt å tydeleggjere våre kjerneverdiar i seks punkt med utgangspunkt i enkle symbolfigurar. Vi trur at desse verdiane, og samspelet mellom dei, er avgjerande viktig for at vi skal bli i stand til å oppfylle vår målsetting.
Samstundes er desse verdiane i funksjon føresetnaden for visjonen vår – eit utrustande fellesskap for å nå fleire med evangeliet.
Det berande elementet i vår verksemd er forkynninga av Guds ord. Difor vil våre samlingar vera orientert ut frå forkynninga sin plass og eigenart.
Vi vil vektleggje ei forkynning som er forankra i Bibelens sentrum, og som er aktuell, nær og relevant for menneske i ulike situasjonar og aldrar.
Livets eigenart er utvikling og vekst. Vi ønskjer å hjelpa kvarandre til å bli målbevisste på den utrustning den enkelte har, gi kvarandre frimod til å tene, og gjennom undervisning, forkynning og praksis leggje til rette for utvikling og vekst både åndeleg og menneskeleg.
Å vera ein kristen er å ha eit personleg forhold til Jesus. I alt vårt arbeid ønskjer vi å gjera Jesus kjend og «synleg» slik at menneske blir glade i han og let seg knytte til han i gjensidig kjærleik og disippelskap.
Vi er alltid omgitt av nokon som på ein eller annan måte har behov for hjelp. Vi ønskjer å vera eit tenande fellesskap, der den enkelte blir seg bevisst ein tenande livsstil.
Menneske i ulike livsfasar og vanskelige situasjonar skal få erfara kristen, medmenneskeleg omsorg gjennom oss.
Å elska Jesus kjem til uttrykk i kjærleik til alle Jesus sine vener (1. Joh 3, 14). Med Gud som far er vi som kristne sysken bundne saman i ein verdsvid familie.
Dette syskenforholdet kjem til uttrykk i lokale fellesskap. Vi ønskjer å vera eit slikt fellesskap som er ope og inkluderande, varmt og omsorgsfullt, der vi løftar kvarandre til tryggleik, kvile og tenestelyst.
Misjon og disippelliv handlar om å leva i den oppgåva Jesus har gitt oss: Gå og gjer alle folkeslag til disiplar (Matt 28, 19–20).
Som indremisjon har vi det nære miljø i fokus – vår familie, våre naboar, vår bygd, vår kommune. Samstundes har vi som Jesu disiplar del i ansvaret med å gi evangeliet til dei som enno ikkje har høyrt det.
Difor støttar vi ytremisjonsarbeidet gjennom eit konkret prosjekt, og gjev rom på bedehuset for andre misjonsorganisasjonar.